Førehandsmelding
(Porsgrunn 10. desember 2007) Skagerak Kraft har sendt førhandsmelding for Sauland kraftverk til Norges vassdrags- og energidirektorat. Under den komande høyringa kan innbyggjarane i Hjartdal, og andre berørte, seie si meining om kva som bør utgreiast i samband med utbyggingsplanane.
- Skagerak Kraft har sendt ei førhandsmelding for Sauland kraftverk til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Med førhandsmeldinga går Skagerak eit steg vidare med utbyggingsplanen i Hjartdal. I meldinga er det laga eit forslag til konsekvensutgreiingsprogram, men det blir òg mogleg for andre å gi innspel til kva som skal utgreiast, fortel energidirektør Finn Werner Bekken.
- Det er styresmaktene ved NVE som bestemmer saksgangen framover. Den føregår normalt slik at førhandsmeldinga vår blir lagt ut på høyring. I løpet av høyringa arrangerer NVE eit folkemøte der vi orienterer om planane. Føremålet med høyringa er å få fastsett eit konsekvensutgreiingsprogram som vi er plikta til å gjennomføre før vi kan søkje om konsesjon.
Vil ha ei grundig prosess
For å nå flest mogleg av dei berørte har Skagerak laga ei brosjyre som presenterer utbyggingsplanane. Den skal mellom anna distribuerast til alle husstandar i Hjartdal. Bekken inviterer lokalbefolkninga til å vere aktive og oppfordrar dei til å gi innspel i samband med den komande høyringa.
- Eg har forståing for at det kan vere delte meiningar om utbyggingsplanane våre. Det som er viktig for oss er at vi får ei grundig prosess der alle berørte blir involverte. Målet vårt er at alle fordeler og ulemper blir belyste på ein skikkeleg måte, understrekar han.
Sauland kraftverk skal etter planane levere rundt 215 GWh, noko som tilsvarar straumforbruket til over 10.000 husstandar årleg.
- Vi meiner vi har eit godt prosjekt, og at Sauland kraftverk vil gi mykje elektrisk kraft med relativt små konsekvensar, seier Bekken.
Vil sende konsesjonssøknad neste år
Etter at alle konsekvensutgreiingane er gjennomførte vil Skagerak søkje om konsesjon for Sauland kraftverk. Bekken reknar med at det kan skje i løpet av eit års tid. Konsesjonssøknaden vil bli handsama av NVE, som utarbeider ei innstilling til Olje- og energidepartementet. Dersom konsesjonssøknaden blir innvilga, kan utbygginga kome i gang i 2010. Kraftverket vil i så fall vere i full drift frå våren 2013.
Les meir:
Meldingsbrosjyre om Sauland kraftverk (pdf 1,3 mb) (1MB)
Førehåndsmelding Sauland kraftverk - Melding med forslag til utgreiingssprogram (pdf 0,8 mb) (841KB)
Om Sauland kraftverk på NVEs internettsider