Skagerak Kraft har etter tre års planlegging levert inn konsesjonssøknad for å få bygge Sauland kraftverk i Hjartdal kommune i Telemark. Produksjonsdirektør Finn Werner Bekken fortel at Sauland kraftverk vil gi eit betydeleg bidrag med ny fornybar energi i nasjonal samanheng.

Tilsvarande 20 småkraftverk

Ei utbygging vil gi meir enn 20 gonger så mykje energi som eit middels stort småkraftverk på 10 GWh. Konsekvensane for naturressursar, miljø og samfunn er moderate i sammanligning til den betydelige mengda energi som kraftverket vil produsere, seier Bekken.

Sauland kraftverk vil føre vatn i tunnel frå Hjartsjå og Sønderlandsvatn og utnytte vannkraftpotensialet i Hjartdøla og Skogsåa, i tillegg til tilstøytande sideelver. Kraftstasjonen vil bli bygd inne i fjellet nord for Skårnes. Vatnet frå dei to vassdraga blir ført ut av stasjonen i tunnel som kjem ut noko nedanfor Omnesfossen i Hjartdøla.

Stort utgreiingsarbeid

- Vi har gjennomført eit omfattande utgreiingsarbeid før søknaden blei sendt. I tillegg til søknaden er det laga 14 fagrapporter som tar for seg ulike konsekvensar i samband med ei utbygging. Alle desse konsekvensutgreiingane er utarbeidd av eksterne og uavhengige konsulentar innanfor dei respektive fagområda, fortel Bekken.

Konsesjonssøknaden er sendt til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Søknaden skal ut på offentleg høyring før NVE skal avgi si innstilling til Olje- og energidepartementet.

Alle sider skal belysast

- Konsesjonssøknaden skal gjennom ein grundig behandling før NVE avgir si innstilling. I første omgang skal den ut på offentleg høyring. Vi som utbyggar er opptekne av at søknaden skal få ei brei gjennomgang for å få belyst alle sider av prosjektet, seier Bekken.

Sauland kraftverk vil få ein årleg middelproduksjon på 218 GWh, omtrent tilsvarande årleg straumforbruk for 10 900 husstandar. Utbyggingskostnaden er berekna til 982 millionar kroner, og byggetida vil vere cirka 2,5 år.

Hoveddokumenter:

Konsesjonssøknad (15,4 mb)
Informasjonsbrosjyre om konsesjonssøknad. (6,3 mb)
Teikningsvedlegg. (10,1 mb)
Grunneigar- og falleigarlister. (Ikkje på web)