Naturmiljø
Utbygginga kjem ikkje inn på verna område eller område som er foreslått verna. Både landskap og flora er i store deler av utbyggingsområdet prega av menneskeleg aktivitet. Utbygginga vil heller ikkje redusera omfanget av inngrepsfrie område nemneverdig.
Viltartar på raudlista, dvs Artsdatabankens liste over trua eller sjeldne plante- og dyreartar, vert i liten grad påverka. Det vil bli forholdsvis små konsekvensar for fi sk og botndyr. I Hjartdøla er konsekvensgraden vurdert til middels, sjølv om det fi nns raudlisteartar som elvemusling og ål, i Skogsåa er konsekvensgraden satt til liten og i Heddøla til liten til middels negativ.
Utbygging av Sauland kraftverk vil ha negative konsekvensar for nokre raudlisteplanter. Ein forventar forandringar i vegetasjonen i nokre trua naturtypar som fylgje av redusert vassføring.
Samla konsekvensgrad av utbygginga for naturmiljøet vert vurdert som middels negativ. Vurderingane av den samla konsekvensgraden støttar seg på vurderingane i tre fagrapporter: Fisk og botndyr, vilt og flora.