-
Lausmassetersklar
Utbyggar er innstilt på å etablera lausmassetersklar i den grad det vil vera eit positivt miljøtiltak. Vassdragsstyresmaktene avgjer etter ei vurdering av fordeler og ulemper kvar og korleis tersklar skal etablerast.
-
Tiltak for fisk og overvaking av fisk og elvemusling
Demningane ved Hjartsjå og Sønderlandsvatn vil verta utforma med leierenne for å ivareta moglegheita for at ålen kan vandra både opp og ned vassdraget.
Vassdekka areal sommar og vinter og levevilkåra for elvemusling og aure etter utbygging vil verta overvaka/undersøkt. Undersøkingane vil danna grunnlaget for eventuelle avbøtande tiltak, som for eksempel tersklar.
-
Kommunalt vassverk og privat vassforsyning
Trykket i brønnane til Sauland vassverk skal overvakast. Større vassførande sprekkesoner i avløpstunnelen for Sauland Kraftverk skal tettast. Dersom vasstanden i grunnvassmagasinet likevel fell, må også mindre vassførande sprekksoner tettast.
Mellombelse og eventuelle permanente endringar av kapasitet/kvalitet i private drikkevasskjelder forårsaka av tiltaket vil verta følgt opp og i naudsynt grad utbetra.
-
Tippformer
Tippområda er valde slik at tippane vert minst mogleg synlege. Tippane vert utforma slik at dei vert tilpassa landskapet best mogeleg. Forma/plasseringa på tipp Lonargrend er justert for å minimera konfl ikten med ei slåtteng ved sidan av tippen. Justeringa tek og omsyn til rydningsrøysene som er registrert i området.
-
Rasteplass ved Sønderlandsvatn
Planane for inntaket ved Sønderlandsvatn er komplettert med ein opparbeida rasteplass. Dette gjev ifølge Fagrapport Landskap området eit ”estetisk løft”
-
Miljøoppfølgingsprogram
Det skal lagast eit eige miljøoppfølgingsprogram. Ei rekke av dei avbøtande tiltaka som er føreslegne i konsekvensutgreiingane vil vera viktige, og vil inngå ved utarbeiding av detaljplanar for utbygginga og miljøoppfølgingsprogrammet
-
Foreslått minstevassføring
Minstevassføring er et viktig avbøtande tiltak for naturmiljøet, særleg flora og fisk, men også for opplevinga av landskapet. I Hjartdøla er det planlagd å sleppa 1000 l/s* om sommaren og 500 l/s om vinteren frå inntaket i Hjartsjå.
Frå inntaket i Sønderlandsvatn vil ein sleppa 360 l/s om sommaren og 100 l/s om vinteren. I periodar med langvarig tørke og svært lite tilsig kan minstevassføringa i Skogsåa ikkje garanterast. Slepp av minstevassføring vil vera viktig i tørre periodar både for Hjartdøla og Skogsåa. Minstevassføringa med Sauland kraftverk vil vera høgare enn før utbygging, pga at ein del av magasina vert nytta til å sikra minstevassføringa.Utbyggar vil supplera minstevassleppet frå Hjartsjå slik at ei minstevassføring i Omnesfossen på 2500 l/s om sommaren og 1000 l/s om vinteren kan overhaldast.