-
Erosjon og sedimentering
Lågare vassføring reduserar erosjonspotensialet i elvene. Det vil og i framtida skje erosjonsprosessar, men med eit mindre omfang enn i dag.
-
Lokalklima og frostrøyk
Utbygging av Hjartdøla kraftverk resulterte i at det vart fl eire dagar med frostrøyk langs Hjartdøla. Ein forventar at frostrøyk vil opptre sjeldan etter utbygging av Sauland kraftverk. Elles vil utbygginga påverka klimaet i svært liten grad.
-
Hydrogeologi, vassforsyning, grunnvarme, vasskvalitet og forureining
Redusert vassføring i Hjartdøla og Heddøla vil redusera grunnvasstanden heilt inntil elvene. Endringane vil vera mest tydelege i dei områda der grunnvasstanden auka etter etableringa av Hjartdøla kraftverk og ein fekk ”vassjuk jord”.
I anleggsfasen kan ein ikkje heilt utelata at det kommunale vassverket og nokre få private brønnar vert mellombels påverka. Det vil verta satt i verk naudsynte tiltak for å sikra vassforsyninga.Resipientforhold nedstraums utløpet av det kommunale renseanlegget vil endra seg etter utbygging av Sauland kraftverk. Ein ventar at vasskvaliteten og resipientforholda vil vera gode/tilfredstillande og etter ei utbygging av Sauland kraftverk. Det er lite truleg at utbygging av Sauland kraftverk vil kunne påverka potensialet for uttak av grunnvarme.
Konsekvenser Fagområde Konsekvensgrad Erosjon og sedimentering Liten negativ Lokalklima Ubetydeleg Frostrøyk Middels positiv Hydrogeologi og vassforsyning Liten negativ Grunnvarme Ubetydeleg Forureining og vasskvalitet Liten negativ Konsekvensutgreiingane er utførd av Norconsult, Meteorologisk institutt og Norges vassdrags- og energidirektorat
-
Vasstemperatur og istilhøve
Hjartdøla vil difor i større grad vera islagt om vinteren enn i dag. Nedstraums kraftverksutløpet vil ein få større døgnvariasjonar i vasstemperaturen enn i dag både sommar og vinter. Døgnmiddeltemperaturen nedstraums kraftverket vert noko endra; litt varmare om vinteren og litt kaldare om sommaren.
Mellom kraftverksutløpet og Heddalsvatn vil ein få variable istilhøve slik at elva stort sett vil gå open bortsett frå på stille og djupe parti nærast Heddalsvatn.
I Skogsåa forventar ein ikkje vesentlege endringar i temperaturtilhøva, men elva kan islegga seg nokre dagar tidlegare som fylgje av lågare vassvolum.
Ein ventar små endringar i temperatur- og isleggingstilhøva i Hjartsjåvatn, Sønderlandsvatn og sidebekkene.